Da var det dagen som Kristine hadde gleda seg lenge til komme, vi skulle på bryllaups messa for å få inspirasjon.

Bryllaups messa blei arrangert av «Mitt Brullup» og «Tilbords» som hadde arrangementet i Grieghallen. Vi var spente på kva som var der sidan me ikkje hadde vert på noko slikt før. Når me kom til Grieghallen sto det ein del ute og me blei i stuss om det ikkje hadde starta enda og kor me skulle gå inn.

Når me hadde komme oss inn viste det seg at det var veldig mange som var på denne bryllaups messa. Fekk litt følelesen av at me ikkje fekk sett alt på grunn av at det var så mange der og alle sto tett i tett framfor alle utstillarane.

Det positive med denne messa var heilt klart at det var ein liten gratis pose til alle med ein pakke serviettar, eit kubbelys og ein del reklame frå dei som stilte ut der. Man takker ikkje nei til det som er gratis.

Me var på messa litt over ein halv time og da var me lei. Mest sidan me ikkje veit heilt kva me skal sjå etter og me holdar bare på med planlegging uten heilt å vete når og kor bryllaupet skal vere. Så når me gjekk frå messa hadde me ikkje lyst til å gå heim med det fyste.

Er ganske fint vær i Bergen i dag og da er det ein skam å sitte inne og ikkje nyte den fine sola. Målet for turen var å finne nokon nye innvandrar butikkar med ny og spennande mat og godteri. Det einaste som vi fant var ein som me hadde vert på før men den hadde fått ein ny te som var i avlange poser som var enklare å bruka.

Resten av tida brukte me til å utforske gatene rundt Nygårdsgaten der vi fant ei spennande kyrkje med ein fin park. Eg klarte å finne nokon fine motiver i parken og med kyrkja og Kristine fant seg ein raud vegg som ho kunne bruke til kunst prosjektet sitt.

No sitter me heima og har tenkt til å ta ein rolig søndags ettermiddag/kveld før det blir jobb igjen i morgon.

Her er nokon bildar frå dagen: